ENKEL DRONNINGPRODUKSJON MED NC-RAMA:

Då eg aldri har lukkast so bra med omlarving har eg landa på å bruka NC rama, men denne fekk eg heller ikkje til fyrste gongen. Slik gjer eg det:

Ei utvald dronning vert bura i NC rama, som er sett inn i ei tavle, og plassert i yngelromet, gjerne med open yngel i næraste tavla. Eg kallar denne dagen for dag – 4, og dette kan vera rundt 15. mai. Det kryp ammebier inn til henne og ho vil straks leggja egg i rama om biene er i oppbyggjingsfase. Egga klekkjer tridje dagen (dag -1) og rundlarvane vert då fora. Eg har røynt at om dronninga vert teken ut før klekking, kan larvane verta dårleg fora eller ikkje fora i det heile. Difor let eg dronninga gå til fjerde dagen før ho slepp ut og då tek eg og ut tavla med NC rama, og me er då på dag 0, og larvane er ein dag gamle og me er då i rute etter boka.

Det er som oftast mange fleire larvar enn eg treng, og eg vel ut dei som ser ut til å vera størst og best fora, og set cellekoppane i tilhøyrande plastproppar. Bruk ei god lupe. Dette kan godt gjerast i bigarden eller i bilen, men det er best å ha eit bord å arbeida på. Pass på at larvane ikkje får det for varmt eller turkar ut. Bruk eit fuktig handkle og arbeid i skuggen.

Eg brukar skattekassane til å fora opp larvane og hengjer inn berre 4-5 cellekoppar i kvar skattekasse. Dei hengjast på topplistene mellom yngeltavler med open yngel som er flytt opp litt tidlegare, kanskje dagen før eller same dag. Det skal vera open yngel her fordi det då er rikeleg med bier med godt utvikla forsaftkjertlar. Ferdig fora vert larvane forsegla på dag 5. Etter det er dronninga strekklarve i 2 dagar, og deretter skjer forpuppinga fram til imago. Under forpuppinga toler cellene svært lite og all handsaming må gjerast innan 2 døgn etter forsegling.

Om ein vil kan ein setja dei i klekkebur etter forsegling, men eg tykkjer det er greitt å gje dei forsegla cellene til avleggjarane utan klekkebur. Som kjent kryp dronninga på dag 12, dvs. 16 dagar etter bestifting. Eg set ofte inn to celler i same avleggjaren, både for å vera sikker og fordi den dronninga som kryp fyrst som oftast er den beste, og ho eller biene vil gjera kål på den siste. Etter 2 – 5 dagar er dronninga kjønsmogen og flyg ut for å para seg. I avleggjaren bør det ikkje vera open yngel, og eg brukar 4 tavler fulle med bier om eg er tidleg i juni. Er me komne til 1. juli må eg ha 7 – 8 tavler i avleggjaren. I beggje mon bør me få kuber som kan innvintrast og gjeva litt på lyngtrekkjet. For å få bra med lynghonning må du minst ha 16 – 18 tavler bier i slutten av juli, og då må du kanskje slå i hop 2 avleggjarar.

Med 4 tavler i avleggjaren vil du under normale høve ha 20 tavler med bier etter 10 veker. Med 8 tavler i avleggjaren treng ein under same tilhøva 8 veker for å auksla same bistyrkje, og med den korte sumaren me har ser ein klårt at det løner seg å starta avleggjaren tidlegst mogeleg. Eg har med godt resultat starta 10. mai, og det har gått bra. Mykje skuldast det nok ei god utvintring og vårutvikling. 

Etter dag 20 – 30 skal her vera yngel. Om du ikkje finn noko på dag 33 (etter Ruttner) kasserast og biene slåast saman med eit anna bifolk. Ein avleggjar skal ha unge bier for å kunne fora opp yngel og desse er no for gamle til å kunne brukast.

Det kan og stå att eit par celler i skattekassa (hugs droneventilen opp og helst i ei anna retning enn flyholet), og her kan det verta ei 2-dronningkube ei tid, men eg kverkjer ofte gamledronninga om ho er 2 år eller eg finn annan grunn til det, eller eg flytter skattekassa til ein annan bigard, då eg tykkjer det er balasamt med 2-dronningkuber, men 2Q er heilt greitt for å få opp bistyrka.

På dette vis meiner eg å spara både bier og arbeid, og i ein liten bigard har ein ikkje råd til å bruka bier til cellebyggjar.