Figur 1 - Forkar med isolasjon frå avsaga heilkasse

Vårarbeidet legg grunnlaget

På Hellesøy i Øygarden er det mykje vind og sjeldan høver vèret med tidsplanen for gjeremåla i bigarden. Drifta er retta mot tidleg framvekst, mjøling i fruktbygder og formeiring. Vårarbeidet skal reia grunnen for auka kubetal og sterke bifolk til hausten, men å klara båe mål krev tidleg start. Tidleg i mars når biene byrjar fyka, trengjer eg biene so dei maktar halda temperaturen og øksla seg fram mot slutten av april, då siste vinterbiene døyr og bimengda er lågast gjennom året. Sesongen er kort og tidleg drivforing vert difor naudturvande. Ein dag utgjer 2-3 % av bias liv og tapt tid vinnast ikkje att.

  • Lærde eg noko frå året som gjekk og bør eg endra noko? I fjor døydde dei svakaste, trass alle livde årle mars. Ikkje grunna matskort, men dei vart for fåe til å varma yngelen då vinterbiene gjekk ut. Det var for kaldt til at eg opna og såg, og kanskje hadde eg berga biene om eg sette dei svake over dei sterkare.
  • I vinter var det varmt til over nyåret og det er ikkje bra. Det går meir fòr og dei roar seg ikkje. Alt tidleg i januar var dei sterkaste ute og tømde seg i lav vintersol og snø. Å vintra i kjellar med kontrollert og stabilt inneklima kan vera løysinga.
  • Eg byter botnbrett vår og haust, og nedfallet vert granska før brenning i ein omn av 2 stålfelgar i bigarden. Dei utskifte botnbretta vaskast med 5 – 10 % kaustisk soda og spylast lett med høgtrykkspylar og står i vårsola for UV stråling og turking nokre dagar. Utstyr av tre beisast eller oljast årleg. Utgått materiell brennast, men styroporkassane vert til pakkveggar og halvkasser. Gamle og dårlege vokstavler smeltast til blokkvoks.
  • Når biene byrjar yngla vert romet avgrensa. Tavler utan bier vert fjerna og pakkveggar sett i staden. Hjå meg kan dette ofte gjerast tidleg i mars, samstundes med fyrste dosa proteinfòr. Eg stør ikkje yngellægja no, sjølv om yngelmengda er minimal.
  • I kuba skal det no vera mat svarande til minst 2 heiltavler, dvs. 4 kg. Er det lite fòr vert det ikkje egg og utan protein vert det ikkje bier. Eg gjev proteintilskot om våren med ei til to veker mellom, kanskje frå 10. mars på det tidlegaste. Eg gjev berre ei pakke til kvar, då dei fram i april finn det dei treng ute. Plast leggast over for at foret ikkje skal turka inn. Konsumet etter ei veke indikerar om dei er i orden.   
  • Eg drivfòrar so tidleg eg vågar, sei 1. april, og brukar dei små runde fòrkara, godt egna til småporsjonar, og får då eit inntrykk av stoda i bifolka utan å opna. Tek dei fòret er dei i orden. Fòrkara står på frå hausten, isolerte med ei avskoren heilkasse (fig. 1). Over ligg pakning og fòret held seg lunka. Forkara fjernast når skattekassa kjem på. 
  • Mot slutten av april jamnar eg bistyrka og stel ei eller fleire tavler med lukka yngel frå dei sterkaste og gjev ei attåt yngellægja til dei svakaste. Lukka yngel for ikkje å røyna ammebiene hjå dei svake. Påhengjande bier fylgjer med. Det er no tid å utvida til 10 tavler i yngelromet, innan kubane flyttast for mjøling. Slynga tavler med honningrestar vert då sett inn. Ikkje byggjevoks før ut i mai, då yngelromet utvidast med ei halvkasse byggjevoks øvst, og kanskje ei seinare. Utvidar eg med heilkassar flyttar eg opp 3 – 4 yngeltavler for at kassa raskare skal takast i bruk. Når eg førebur lyngtrekket vert berre gamle tavler flytta over gitteret og i yngelromet er det helst berre nye utbygde, men med mat.
  • Det står alltid noko lynghonning att i kuba frå hausten som gjev litt protein. Proteinskort fører til at vinterbiene døyr tidlegare. 1 kg naturleg pollen gjev opptil 10.000 nye bier, og gjennom sesongen kan eit sterkt bifolk tæra meir enn 20 kg naturleg pollen, so mitt tilskot vert då stakkarsleg, men naudsynt om ein ynskjer tidleg framgang.

Når eg opnar, skriv eg alltid styrke og tilstand på yngel og fòr, samt neste gjeremål. Opplysingane fører eg i Excel, der ein indeks reknast ut for kvart bifolk etter valde særdrag, der lynde veg mest. Ei dronning med høg indeks veljast som mor om eg lagar dronningar sjølv. Opplysingar som t.d. avlarens nummer eller mor ligg i reknearket.

  • Dronningane bytast andre året for å sleppa eggleggjande arbeidarar eller dronemødre året etter, og kjøpast helst reinpara, då det både er lønsamt og gagnleg for birøkta totalt sett, men grunna knapp tilgang må eg ogso laga sjølv.
  • Midt i mai vert ei utvald dronning bura i NC rama, for friparing av dei nye dronningane fyrst i juni. Dronninga er bura der til 4 dagen, då eg trur larvane får beste fòret nær dronninga. Cellekoppane veljast ut og dronningcellene vert laga i skattekassa med 4 - 5 eggkoppar hengd i midten med minst ei tavle ungbier og open yngel på kvar side. Open yngel fordi der då er bier til stades med godt utvikla fòrkjertlar.
  • Før dronningane kryp, vert cellene fordelt til toppavleggarane, men ei celle kan godt stå att i skattekassa, og om den nye dronninga vert para har eg ei 2-dronningkube. Om eg gløymer å plukka ut cellene eller ikkje er der til rett tid, vil dronninga som lever opp gå ut droneventilen og vonleg verta godt para og leggja egg i skattekassa.
  • For å vinna større bimengd økslar eg om våren i toppavleggjarar, med 4 tavler i kvar. Eg sparar på biene og brukar ikkje fleire tavler i avleggjaren enn naudsynt, då tilveksten er størst med ca. 4 tavler! Dette grunnar seg på at yngelmengda i prosent av bitalet er størst med lita bistyrke, til dømes 80 – 90 % med 5 tavler bier, men med 20 tavler berre 50 % av bistyrka. I praksis ser me og at veksten stanar og jamvel minkar når styrka er omlag 20 tavler

Figur 2 – Vekst i avleggjar med og utan seinare tilsetjing av bier. Denne figuren kan ikkje kopierast inn frå excel, men er vist i Birøktaren nr. 3, marsnummeret 2014

  • I fig., 2 ser me at han treng 60 – 70 dagar på seg for å auka til 30 – 40 tusen bier, og då ser ein klårt kor viktig det er å starta tidleg. I tabellen (fig. 3) er vekst og tavletal i starten samanlikna, og økslinga er sterkast i minste avleggjaren på 4 tavler, der to slike avleggjarar gjev mykje meir bier enn ein på 8 tavler over same tid. I berekninga er snittalderen på alle startbiene sett til 12 dagar, og bimengda fell brått etter 5 veker når desse går ut. I praksis vil dei ikkje vera jamgamle og fallet knapt merkandes, men er der like fullt, og difor styrkjer eg alltid avleggjarane seinare (fig. 2). Sjølvsagt verkar det svermhindrande der tavlene vert fråtekne, og denne driftsforma gjev sjeldan sverming.

UTVIKLING AVLEGGJAR

 

 

 

 

 

 

 

 

Tavler start

1 veke

2 veker

3 veker

4 veker

5 veker

6 veker

7 veker

8 veker

9 veker

10 veker

4

4,00

4,00

4,30

6,00

3,80

5,60

8,60

11,70

15,80

19,10

5

5,00

5,00

5,40

7,80

5,30

7,70

11,50

15,50

20,50

23,70

6

6,00

6,00

6,40

9,30

6,10

9,00

13,30

17,70

23,10

25,80

7

7,00

7,00

7,50

10,70

7,00

10,30

14,90

19,70

25,30

27,40

8

8,00

8,00

8,50

12,10

7,80

11,40

16,40

21,40

27,10

28,40

Figur 3 – Samanlikning av utvikling i avleggjarar utan seinare tilsetjing av bier

  • Vil eg auka kubetalet er lønsemda størst i avleggjarar på 4 tavler, men med honningsamlinga vert det annleis. Om bistyrke 12 gjev 10 kg honning, vil ei kube på 16 tavler gje 20 kg under same tilhøva. Optimalt honningutbyte får eg på bistyrke 18 med 1,25 kg/tavle bier, og høgare bistyrke er difor ikkje lønsamt. Eg nyttar berekningar som ei rettesnor for å optimalisera drifta, og dei samsvarar i snitt bra om trekk- og vêrtilhøva er gode.
  • Det er rom for mange fleire birøktarar, men ein skal og hegna dei som er. Det er fåe gode vandreplassar med bilveg fram og kanskje kan dette stettast sentralt i samråd med lokale lag. Det meste av nektaren renn no vekk utan å verta hausta.
  • Birøkt er mykje meir enn honningproduksjon. Dei helsegjevande produkta, dronninggele, bivoks, pollen og bibrød, propolis, bigift er kjende frå antikken, men her er mykje meir som kjem til, og interessa for produkt frå biene grip no om seg og truleg ligg det større innkomer for dei birøktarar som set seg inn i både føremon og tilverking av slike produkt. Birøktarar er optimistar, og optimistar møter nye framburdar  med opne haldningar.